torsdag 29. oktober 2015

Korleis kan me få eit mykje betre klassemiljø?

Norsk lekse veke 44

For at det skal være eit godt klassemiljø i klassen må alle ha det bra og alle skal bli behandla med respekt, det er kanskje ikkje så lett. Det er mange som blir utestengd på grunn av utsende og kva dei går med og det er feil fordi alle skal være like og alle skal bli behandla likt. Man skal ikkje utestenge nokon bare fordi dei er annerledes, alle er like. Man skal behandla kvar og enkelt person likt.

Mange ungdommar idag går gjennom tøffe periodar. Dette er ein periode kor ungdommar kan bli deprimerte, dei sjølvskadar og gjer masse ting som ikkje er godt for dei, men det er ikkje deiras feil at dei  hamnar i den situasjonen, det kan være fordi dei ikkje har det godt heime eller at dei ikkje trivs på skulen, men man skal heller ikkje halde inne kva man følar, man må si ifrå viss man opplevar eller følar noko grusamt. 


Eg meinar for at me skal få eit godt klassemiljø må man ha eit miljø kor alle trivs og kor unge menneske kan føle seg trygge og bli respekterte. Man kan bli enda meir kjent med kvarandre slik at det blir god stemning i klassen og i timane, det ikkje er nokon som skal sittje for seg sjølv og ingen skal gjere narr av kvarandre. Det er lov å vere seg sjølv utan at nokon skal le eller dømme deg. Alle skal være venner.





http://home.uia.no/amleis11/2014/04/06/klasseledelse-og-team-building/


UNGDOMSKULTUR

KRLE lekse veke 44

Ungdomskultur er kultur som er skapt av ungdommer og i ungdomskulturen har ord og utrykk alltid vore viktige. Ungdomskulturen har eksistert gjennom generasjon til generasjon, men det er først dei siste 60 åra det har utvikla seg. Ungdomskulturen begynte i 1950-åra då rock blei ei populær musikkform. Det var noko unge menneske likte godt, men det var noko foreldregenerasjonen ikkje heilt forstod noko av. Det kom også inn ei ny klesmote som gjorde at mange unge skilde seg ut frå foreldregenerasjonen.

Ungdomskulturen er noko som skil ungdom frå barndom og vaksenverda. Ungdom riv seg meir laust frå foreldra og vil bestemme sjølv kva dei vil. Dei vil bestemme kva dei sjølv vil gå med, kva type musikk dei vil høyre, kva dei skal gjere i fritida saman med venner.

På slutten av andre verdskrig fekk dei fleste familiar betre økonomi og det gjaldt også ungdom. Klesindustrien blei innteresert i denne gruppa og det var slik grunnlaget lagt for at ungdom kunne utvikle sin eigen kultur og blei ei mottakargruppe for motar, musikk og film som var retta direkte mot dei.


https://gigaom.com/2012/05/16/the-newest-phone-app-teens-will-hate-but-parents-will-love/

onsdag 21. oktober 2015

OD - dagen

Lekse veke 43

Operasjons dagsverk er ein aksjon som er kvart år. Det er ein dag der alle ungdommar på kvar ungdomsskule  jobbar og samler inn pengar til ein god sak. Dei som vil kan bidra på prosjektet, alle treng ikkje være med på det. Ungdommane skal gje 300 kroner eller meir til prosjektet. Temaet dette året er om kropp og menneskerettigheter, at alle skal ha rett til å bestemme over sin eige kropp.

Dette året skal prosjektet gå til Amnesty International og gje vidare til dei som bur i Chile, Argentina og Peru og det synes eg er bra fordi mange ungdommer som bur i dei landa sliter med rettigheter .
I Chile, Argentina og Peru opplevar ungdommer at rettighetane deira ikkje blir respekterte. Prosjektet skal styrke ungdomane og det vil gje ungdomane kunnskap om sine rettigheter slik at dei kan ta sine eigne valg.

Dette året har eg tenkt å søke jobb på butikkar på Bryne, eg har ikkje funne ledig arbeidsplass enno, men viss eg ikkje finn nokon så skal eg bare jobbe heime.


http://www.underarbeid.com/trenger-du-jobb-pa-operasjon-dagsverk/

onsdag 14. oktober 2015

MENNESKERETTIGHETER

Lekse veke 42

Menneskerettigheter er rettigheter alle mennesker har uansett kjønn, religion, rase og utsende. Det er noko staten må respektere og sikre hensyn til. Menneskerettighetane handler om retten til liv og sikkerhet, frihet frå tortur, rett til privatliv, vern mot diskriminering, tanke- og religionsfrihet, ytringsfrihet, rett til arbeid, helse og velferd.

Eg synes at alle rettigheter er viktige fordi uten dem så hadde mange hatt det vanskelig og samfunnet vårt hadde ikkje vært så særlig bra slik vi har det idag, men det er desverre ikkje slik for alle og det er veldig dumt. Eg meinar at alle skal ha like rettigheitar slik at alle får eit godt liv.


http://grenseloskjaerlighet.com/verdenserklaeringen-om-menneskerettigheter/