torsdag 29. oktober 2015

UNGDOMSKULTUR

KRLE lekse veke 44

Ungdomskultur er kultur som er skapt av ungdommer og i ungdomskulturen har ord og utrykk alltid vore viktige. Ungdomskulturen har eksistert gjennom generasjon til generasjon, men det er først dei siste 60 åra det har utvikla seg. Ungdomskulturen begynte i 1950-åra då rock blei ei populær musikkform. Det var noko unge menneske likte godt, men det var noko foreldregenerasjonen ikkje heilt forstod noko av. Det kom også inn ei ny klesmote som gjorde at mange unge skilde seg ut frå foreldregenerasjonen.

Ungdomskulturen er noko som skil ungdom frå barndom og vaksenverda. Ungdom riv seg meir laust frå foreldra og vil bestemme sjølv kva dei vil. Dei vil bestemme kva dei sjølv vil gå med, kva type musikk dei vil høyre, kva dei skal gjere i fritida saman med venner.

På slutten av andre verdskrig fekk dei fleste familiar betre økonomi og det gjaldt også ungdom. Klesindustrien blei innteresert i denne gruppa og det var slik grunnlaget lagt for at ungdom kunne utvikle sin eigen kultur og blei ei mottakargruppe for motar, musikk og film som var retta direkte mot dei.


https://gigaom.com/2012/05/16/the-newest-phone-app-teens-will-hate-but-parents-will-love/

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar