fredag 6. november 2015

ALKOHOL

I dette innlegget skal du få lære om Alkohol, korleis det påverkar ungdommar og vaksne. Korleis du oppfører deg og korleis det påverkar kroppen når man drikk alkohol.

Du veit heilt sikkert at det ikkje er lurt for ei gravid kvinne å drikke alkohol. (Ekeland, s.72 Tellus) Dersom ei gravid kvinne drikk alkohol vil alkoholen komme over i blodet til fosteret og det vil gje det den same promillen som mora. Det kan skade fosteret og fosterhjernen kan bli påverka. Viss fosterhjernen blir påverka av alkoholet kan fosteret få store skadar i hjernen og utviklinga til barnet kan gå seinare enn normale barn. Det vil sei at dei kan få lærevanskar, konsentrasjonsvanskar og kan fungere dårleg sosialt.
Mange ungdommar i dag har lyst til å prøve alkohol fordi dei blir påverka av kva venner gjer og dei trur kanskje at det er kult å drikke. Det er mange grunnar til at ein vil prøve alkohol, blant anna kan ungdommar bli nysgjerrige på kva effekt man får når man drikk alkohol (Ung.no). I Noreg er gjennomsnittsalderen på å prøve alkohol første gangen 15 år. Vi veit i dag at dei som først begynner å drikke alkohol i ein tidleg alder har stor sjanse å bli alkoholavhengige enn dei som er over 20 år (Ekeland, s. 73 Tellus.) Også når ein drikk alkohol kan det føre til at ein blir meir open, humøret svingar opp og sjølvtillita aukar. For den som drikk er dette eit bra teikn fordi det er den første rusen mange er ute etter (Ekeland, s. 74 Tellus).


Ulykker er også typisk når det gjeld alkohol. Det skjer mykje bilulykker når det gjeld alkohol og alle veit heilt sikkert at det ikkje er lov å drikke og kjøre for det kan både være farlig for den som har drukke alkohol og for andre. Det kan være alle slags ulykker, det kan være frå bilulykker, dødsfall og sjølvmord. For unge jenter er det stor risiko for å bli seksuell overgrepet (Ekeland, s 76 Tellus), spesielt når ein har drukke alkohol.

Når ein først og fremst skal begynne å drikke alkohol må ein ha grenser til når man skal stoppe slik at man ikkje utsetter seg sjølv i fare.


Kjelder: Ekeland, Per Roar M.fl. Tellus 9, Aschehoug, 2007

Bildekjelder:

onsdag 4. november 2015

UNGDOM OG MOTE

I dag er det mange ungdommar som er opptekne av klesmote og kva venner brukar fordi dei ikkje har lyst å skilje seg ut frå dei andre. 

Klesmoten i dag handlar om dei nye trendane. Man må ha dei dyraste kleda for å vise at man har masse penger og for å passe inn. Man kan ikkje gå i gamle, fillete klær fordi man er redd for at andre skal sjå rart på deg og dømme deg.  Bare fordi nokon ikkje har same klesstil som dei andre betyr det ikkje at man skal gå rundt og erte dei og sei at dei må kjøpe seg nye klær. Det kan vere at nokon ikkje har råd til å kjøpe nye klær så man må tenkje litt før man snakkar. 

Det er på ein måte ungdommane som bestemmer sjølv kva dei vil gå med, men det er også ein muligheit for at ungdommar blir påverka av det som er på tv og det som dei ser på bilete på blader og slik. Men det er ikkje slik at bare fordi venner går i andre klær så betyr det ikkje at man må gå i dei same klærne også. Alle kan ikkje være like og av og til er det litt greit å skilje seg ut frå dei andre.