onsdag 4. november 2015

UNGDOM OG MOTE

I dag er det mange ungdommar som er opptekne av klesmote og kva venner brukar fordi dei ikkje har lyst å skilje seg ut frå dei andre. 

Klesmoten i dag handlar om dei nye trendane. Man må ha dei dyraste kleda for å vise at man har masse penger og for å passe inn. Man kan ikkje gå i gamle, fillete klær fordi man er redd for at andre skal sjå rart på deg og dømme deg.  Bare fordi nokon ikkje har same klesstil som dei andre betyr det ikkje at man skal gå rundt og erte dei og sei at dei må kjøpe seg nye klær. Det kan vere at nokon ikkje har råd til å kjøpe nye klær så man må tenkje litt før man snakkar. 

Det er på ein måte ungdommane som bestemmer sjølv kva dei vil gå med, men det er også ein muligheit for at ungdommar blir påverka av det som er på tv og det som dei ser på bilete på blader og slik. Men det er ikkje slik at bare fordi venner går i andre klær så betyr det ikkje at man må gå i dei same klærne også. Alle kan ikkje være like og av og til er det litt greit å skilje seg ut frå dei andre. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar